Kort fortalt

Venstre spør om russiske fiskebåtar

Reagerer på trålartrafikk til norske hamner.

22.08.2022

(NPK-NTB): Venstre vil gå til kontrollkomiteen og spørje regjeringa om grunnlaget for at russiske fiskebåtar er fritekne frå sanksjonar og kan gå til hamn i Noreg.

Grunde Almeland frå Venstre reagerer på at ein russisk oligark med band til president Vladimir Putin framleis kan sende ein av dei største trålarane i verda til norske hamner, skriv Dagens Næringsliv (DN).

Medan EU forbyr alle russiske skip å leggje til i hamnene deira – med unntak for leveransar av mat, energi og humanitær hjelp – opnar Noreg opp for russiske fiskebåtar.

Avgjerda om unntaket for fisk vart teken før det var avklart kva EU meinte om saka, skriv avisa. Då reglane vart innførte, sa fiskeriminister Bjørn Skjæran (Ap) til DN at EU hadde eit unntak for fiskefartøy, noko unionen ikkje hadde.

Grunde Almeland seier han vil sende brev til regjeringa og spørje om avgjerdsgrunnlaget då unntaket for fiskefartøy vart laga. Venstre får støtte til å stille spørsmål frå Raudt og Frp. Høgre og SV opnar også for å stille spørsmål.

Til DN seier Skjæran at han vil svare på spørsmål som Stortinget måtte ha.

– Unntaket er gitt fordi vi vil hegne om ei berekraftig fiskeriforvaltning i Barentshavet, og det bidreg også til stabilitet i nordområda, seier han.

– Eg sa aldri at alle fartøy var unnateke. Dette var basert på informasjon vi hadde fått frå EU. Då EU klargjorde synet sitt, vart det klart at unntaket bestod av at russiske fartøy under ein viss storleik var haldne unna hamneforbodet, legg han til.

(©NPK)

Publisert: 22.08.2022 10:10

Sist oppdatert: 22.08.2022 10:18

Mer om