Kort fortalt

Venstre vil vrake ferjefri E39

Meiner pengane bør brukast på klimateknologi.

27.11.2019
NPK-NTB: Venstre meiner regjeringa heller bør bruke den enorme summen på klimateknologi enn ferjefri E39. Dei får støtte frå SV, som meiner vegprosjektet er utdatert.
Statssekretær Atle Hamar (V) i Klima- og miljødepartementet seier til VG at ferjefri E39 kan bli for dyrt og kan bremse viktig klimateknologi. Venstre vil heller bruke pengane på viktig utvikling av nullutsleppsskip.
– Vi kan rydde opp i dei forferdeleg dårlege vegane, og samtidig gjere Noreg verdsleiande innan grøn skipsfart, seier Hamar til avisa.
I 2013 vedtok den raudgrøne regjeringa å bruke 150 milliardar kroner på å fri stamvegen frå rutetabellane. Sidan har prisramma auka til 340 milliardar. Samtidig har dieseldrivne ferjer vorte byta ut med elektriske, og hydrogendrivne ferjer er på veg. Ifølgje Hamar vil snart kvar tredje ferje i Noreg vere utsleppsfri.
– Når vi legg så mykje innsats i å bli verdsleiande på nullutsleppsferjer og -hurtigbåtar, må vi stille spørsmålet om ikkje det er betre å behalde den kaffipausen over fjorden, seier Hamar.
Statssekretæren frå Venstre får støtte frå SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes. Han meiner prosjektet er utdatert.
– Når ein ser kva dette kostar, og ein ser den alternative satsinga ein heller kan få i gang, meiner eg at vi bør snu. Det er aldri for seint å snu, seier SV-nestleiaren.

Publisert: 27.11.2019 08:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31