Kort fortalt

Ventar færre turistar frå Europa

Reiselivsbedriftene i Sogn og Fjordane ventar færre turistar frå Tyskland, Nederland og Storbritannia.

Ivar Myklebust Longvastøl
21.01.2014
Dette går fram av Næringsbarometeret for fylket som vert presentert i dag.

Vil halde fram

Nedgangen av turistar frå dei store landa i Europa var merkbar i 2013, og vil nok halde fram i 2014 også, seier Ståle Brandshaug, dagleg leiar i Visit Sognefjord.
- Det gjeld heile landet, ikkje berre Sogn og Fjordane, presiserer han.

Mindre forretningstrafikk

For reiselivsbedriftene i fjordfylket slår nedgangen likevel hardt ut , fordi ein har mindre forretningstrafikk som kan kompensere for nedgangen i ferie- og fritidstrafikken, går det fram av ei pressemelding frå Næringsbarometeret.

Nye marknader

Det finst også lyspunkt. Talet på turistar frå Asia, Russland og delvis Sør-Europa er på veg oppover.
– Sogn og Fjordane tek i mot ein stor del av dei asiatiske tilreisande til Norge. For Sør-Korea har vi så mykje som 50 prosent marknadsdel, seier Brandshaug, som trur veksten i dei nye marknadene vil halde fram neste år.

Svakare krone positivt

Ei svakare krone kan gjere nedgangen mindre dramatisk enn venta. Det blir dyrare for nordmenn å reise ut, og billegare for utlendingar å kome hit, noko som kan slå positivt ut, seier reiselivssjefen i Sogn.

Reiseliv og kultur er unntak

Bedriftsundersøkinga som ligg til grunn for Næringsbarometeret, viser at enn i tilsvarande måling for eitt år sidan.
Unntaket er kultur, reiseliv og oppleving. Forventingsindeksen går kraftig ned, noko som først og fremst skuldast lågare forventingar om fleire tilsette i år.
Følg direkte frå klokka 10.00 tysdag.

Publisert: 21.01.2014 10:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22