(NPK): Neste år er det venta at slaktevolumet vil gå litt ned.
Produksjonsforum i Sjømat Norge spår at nedgangen kjem første halvåret, medan produksjonen vil ta seg opp att i andre halvår.
Havbruksdirektør Jon Arne Grøttum i Sjømat Norge er likevel lite nøgd med at slaktevolumet berre har auka med 4 prosent dei tre siste åra.
– Det er eit tankekors at politikarane våre som viser til rapporten frå akademia som reknar med eit omsetningspotensial i marin sektor på nærmare 600 milliardar i 2015, ikkje maktar å leggja til rette for meir vekst i havbruksnæringa, seier han.
Grøttum meiner det er store potensial for auka verdiskaping langs kysten og etterlyser betre tilrettelegging for produksjonsløyve og tilgjengeleg sjøareal. (©NPK)

Publisert: 26.10.2015 11:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50