Kort fortalt

Ventar periodar med høge straumprisar

NVE om kraftsituasjonen framfor vinteren.

18.12.2023

(NPK-NTB): Noregs vassdrags- og energidirektorat ser ingen fare for energiknappleik denne vinteren, men forventar periodar med høge straumprisar.

– NVE vurderer kraftsituasjonen løpande, og ved inngangen til vinteren er kraftsituasjonen god. Vi forventar likevel periodar med høgare kraftprisar enn det vi har vore vane med historisk. Kva prisane faktisk blir gjennom vinteren, avheng av mange faktorar som mellom anna vêret og gassprisen, seier direktør for energi- og konsesjonsavdelinga i NVE, Inga Nordberg i ei pressemelding.

Dei siste vekene har prisane vore høgare enn tidlegare i haust, som eit resultat av det kalde vêret. Sidan mykje av oppvarminga i Noreg er basert på straum har forbruket auka.

Kraftprisane i Noreg blir også påverka av nabolanda våre, som igjen er påverka av gassprisane. Dei er framleis høge samanlikna med dei historiske prisane.

Straumstøtta vil likevel i stor grad skjerme hushalda frå dei høge kraftprisane, meiner NVE.

Frå 1. september 2023 er straumstøtta berekna time for time, i staden for per månad som før.

Som forbrukar får du støtte i dei timane der kraftprisen i prisområdet er høgare enn 70 øre/kWh, ekskludert meirverdiavgift. I desse timane får kunden støtte for 90 % av beløpet over 70 øre/kWh.

(©NPK)

Publisert: 18.12.2023 09:47

Sist oppdatert: 18.12.2023 09:47

Mer om