NPK-NTB: For første gong sidan 2014 spår revisjonsselskapet EY vekst innanfor den norske oljeservicebransjen.
EY har i sin årlege gjennomgang analysert rekneskapen frå 1.200 selskap i oljeservicenæringa, og konklusjonen er at det er venta ein vekst på 1 prosent i dei samla inntektene i år, og ein vekst på 6 prosent i 2019, ifølgje .
– Veksten i år blir beskjeden, men det er mykje betre enn det motsette. Vi kan slå fast at botnen vart nådd i fjor. Denne næringa har vore gjennom nokre veldig tøffe år, og då er det fint å kunne seie at det verste no ligg bak oss, seier analytikar Espen Norheim, som har leidd arbeidet med rapporten.
Overfor understrekar likevel Norheim at det framleis er varsemd å spore ute i marknaden.
– Sjølv om dei fleste leverandørbedriftene merkar etterspørselsauka og optimisme, er marginane under press, seier han.

Publisert: 01.02.2018 11:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40