(NPK-NTB): Gode tider i laksenæringa fører til ein solid opptur for oppdrettsverfta. Dei største verfta har nær tredobla omsetnaden dei siste fem åra, skriv Dagens Næringsliv.
Ein gjennomgang av dei største selskapa som spesialiserer seg på å produsere spesialbåtar og servicefartøy for oppdrettsnæringa, viser at dei i 2015 hadde ein samla omsetningsvekst på 70 prosent frå året før, skriv .
– Våre analysar viser at dei økonomiske ringverknadane av verdikjeda i oppdrettsnæringa har auka betydeleg dei siste åra både målt i talet på sysselsette og i bidrag til BNP, seier forskingsleiar Heidi Bull-Berg i Sintef.
Dei sju verfta avisa har undersøkt auka den samla omsetninga med over 700 millionar kroner i fjor, mens det samla resultatet berre auka med 19 millionar kroner.
– Vi merkar at dei gode tidene for oppdrettsselskapa gir auka investeringsvilje. Men konkurransen blant verfta er stor og vi opplever ikkje den same veksten i lønnsemda som det oppdrettsselskapa gjer, seier dagleg leiar Bård Meek-Hansen i Grovfjord Mekaniske Verksted (GMV). (©NPK)

Publisert: 11.08.2016 08:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44