(NPK-NTB): Norske EU-motstandarar vil ha ein ny EØS-debatt etter brexit. Feil tidspunkt, er bodskapen frå næringsminister Monica Mæland (H).
Ho deltok måndag på eit ministermøte i frihandelsorganisasjonen Efta i Bern i Sveits.
– Eg oppfattar at EØS-avtalen er veldig viktig for oss. Den sikrar interessene våre, og det er eit stort fleirtal bak den. Det som er viktig no, er at vi sikrar interessene våre inn mot Storbritannia, ikkje at vi startar ein heilt ny debatt om EØS-avtalen, seier Mæland til NTB.
Seinast måndag varsla Raudt-leiar Bjørnar Moxnes fornya kamp mot EØS. Fleire politikarar har sagt at Noreg etter brexit får ein mektig politisk alliert på utsida av EU og må bruke moglegheita til å framforhandle ein betre avtale med EU.
Efta-landa Noreg, Sveits, Liechtenstein og Island er for augneblinken mest opptekne av å finne ut kva brexit kan kome til å bety for dei, ifølgje Mæland.
– Akkurat no er det fleire spørsmål enn svar, konstaterer ho.
– Vi må først og fremst få klårleik i kva Storbritannia og EU ønsker.
Mæland meiner det er for tidleg å seie om britane kan bli med i Efta, slik dei var før dei blei EU-medlemmer på 1970-talet. (©NPK)

Publisert: 27.06.2016 16:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45