Kort fortalt

Verst for dei eldste

Arbeidsløysa aukar mest for dei over 60 år.

01.06.2016
(NPK-NTB): Arbeidsløysa blant dei over 60 år har auka med nesten 30 prosent sidan 2014, viser nye tal.
Veksten i arbeidsløysa blant unge i same periode er på under fem prosent, skriv .
utarbeidd for Senter for Seniorpolitikk viser at dersom personar i alderen 58– 62 år reduserer si arbeidsdeltaking som følgje av denne utviklinga, kan dette motsvare 30.000 tapte årsverk og eit verditap for samfunnet på 16 milliardar kroner.
Senter for seniorpolitikk åtvarar mot å bruke omstilling til å fase seniorane ut av arbeidslivet.
– Det vil bryte fullstendig med det politiske målet for pensjonsreforma, som er å sikre at folk står lenger i arbeid. Sluttpakkar blir gjerne brukt for å få smidige prosessar med nedbemanning. For seniorar er det ofte vanskelegare enn dei trur å få ein ny jobb etter at dei har tatt imot ein sluttpakke. Ein sluttpakke kan for dei eldste arbeidstakarane bety at dei blir fasa ut av arbeidslivet for tidleg, seier direktør Kari Østerud i Senter for Seniorpolitikk. (©NPK)

Publisert: 01.06.2016 08:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46