
Vert flytande litteraturhus
Bokbåten Epos ser lyst på framtida.
Bokbåten Epos får tre millionar kroner over tre år frå Fritt Ord og kan dermed halde fram som flytande litteraturhus på vestlandskysten.
Bokbåten Epos vart etablert i 1963, men i 2020 vedtok Vestland fylke å leggje ned det flytande biblioteket. Då tok Alver kommune i Nordhordland initiativ til eit samarbeid mellom dei kommunane som mista dette kulturtilbodet i bygdene sine. I fjor haust gjekk 28 kommunar i lag for å halde Epos i gang langs vestlandskysten.
– Med ei langsiktig og raus løyving frå Fritt Ord ligg det no til rette for eit framhald for bokbåten som flytande litteraturhus. Dette vil innebere ei eineståande styrking av det litterære kulturtilbodet i distrikta, seier Janne Karin Støylen til Bok365.no.
Ho har leidd arbeidet med søknaden som prosjektmedarbeidar i Tekstallianse. Foreininga Tekstallianse, som er eit nettverk for litteraturfeltet på Vestlandet, har tatt på seg å halde i prosjektet fram mot etableringa ein sjølvstendig organisasjon kring drifta av bokbåten.
– Tildelinga frå Fritt Ord gjer at vi no kan sikte mot at Epos skal vere klar til ny sesong med litterære program, debattar og bøker allereie til hausten, legg ho til.
– For Stiftinga Fritt Ord er bibliotek og litteraturhus sjølve kjernen av føremålet vårt. Derfor er det ei stor glede å støtta «Det flytande litteraturhuset» på Vestlandet. Bokbåten vil bringe gode litterære program og debattar til stadar i landsdelen som elles ikkje har for mange tilbod. Dette er svært viktig for den offentlege samtalen, seier styreleiar i Fritt Ord, Grete Brochmann.
Publisert: 17.02.2022 10:56
Sist oppdatert: 17.02.2022 10:58