(NPK-NTB): Det er store geografiske forskjellar når det gjeld levealder i Noreg. Vestlendingane lever lengst.
Det viser nye tal frå Folkehelseinstituttet, ifølgje .
Aller best ut kjem Aukra kommune i Møre og Romsdal. Der er forventa levealder 83,35 år. Lågast levealder har folk i Finnmark, Østfold og Hedmark. I Hasvik kommune i Finnmark er forventa levealder berre 75,05 år i snitt.
Forventa levealder i Noreg samla sett er over 78 år for menn og over 82 år for kvinner. Talet har stige med meir enn 30 år sidan 1900.
Ifølgje Folkehelseinstituttet heng forskjellane i levealder blant anna saman med sosiale forskjellar, som kor høg utdanning og inntekt ein har. (©NPK)

Publisert: 12.02.2016 07:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48