Kort fortalt

Vi et meir fisk

Nordmenn et stadig meir sjømat.

11.02.2016
(NPK): I fjor åt vi i gjennomsnitt 23 kilo rein og fersk fisk. Det er 11 prosent meir enn i 2014. Vi kjøper også meir torsk enn laks, skriv Fiskeribladet Fiskaren.
I fjor kjøpte nordmenn 75.000 tonn fisk i produktvekt for heimekonsum, går det fram av tal frå Noregs sjømatråd. Det er 2 prosent meir enn i 2014.
– Hovudtrenden at vi kjøper meir fisk kvar gong vi er i butikken. Totalt sett auka naturell fersk fisk med 11 prosent frå 2014 til 2015. Det vart kjøpt meir fersk laks, fersk torsk, ferske reker, fersk sei og fersk aure, seier Ida Susann Svensson, konsumentanalytikar i Noregs sjømatråd.
Vi kjøper meir torsk enn laks, men av den ferske fisken går det mest laks. Veksten i den ferske torsken har derimot tatt av dei siste åra. (©NPK)

Publisert: 11.02.2016 23:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48