Kort fortalt

Vi julehandlar meir

Vi kjem til å julehandla for 10.700 kroner kvar i år.

09.11.2015
(NPK-NTB): Totalt kjem nordmenn til å bruka 55,5 milliardar kroner på julehandelen i år. Det svarar til 10.700 kroner frå kvar av oss, ifølgje Virke.
Auken frå desember i fjor til desember i år er på 230 kroner, og kjem hovudsakleg av låg kronekurs og vekst i folketalet. Kvar og ein av oss kjem til å handla omtrent like mykje i år som i fjor, ifølgje hovudorganisasjonen Virke.
– Folk planlegg naturleg nok å vera meir moderate med julegåvene i år på grunn av usikre tider. Samtidig har vi aldri hatt meir å rutta med på grunn av historisk låg rente, seier forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB.
Daglegvarebutikkar omset for rundt 41,5 prosent av det vi brukar på julehandling i desember. Resten går til gåver, pynt og kle.
– Per person brukar vi 4.460 kroner på matvarer, drikkevarer og andre daglegvarer. Men vi brukar 6.270 kroner på julepynt, kle og gåver, seier Bror Stende, direktør for Virke mote og fritid. (©NPK)

Publisert: 09.11.2015 11:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50