Kort fortalt

Vi shoppar mindre i utlandet

Handelen har stoppa opp etter 2014.

04.07.2019
NPK: Nesten 30 prosent av oss har redusert shoppinga i utlandet dei siste åra, går det fram av tal frå Danske Bank.
Granskinga, som er utført av YouGov på oppdrag frå Danske Bank, viser at 28 prosent av dei spurde seier dei handlar sjeldnare eller mykje sjeldnare i butikkar i utlandet no enn for 2 år sidan.
Faktisk er det 12 prosent som svarer at dei «mykje sjeldnare» går på shopping medan dei er utanfor Noregs grenser. Berre 3 prosent oppgir at dei handlar «mykje oftare» i slike butikkar enn før.
– At Ola og Kari delvis har innført shoppestopp i utlandet syns eg er både logisk og forståeleg, seier sjeføkonom Frank Jullum i Danske Bank i ei pressemelding.
Han fortel at nordmenn i perioden frå 2010 til 2014 auka handelen sin i utlandet med rundt 10 prosent kvart år, men at ein sidan den gong har sett eit litt anna bilete.
– Dette heng nok i stor grad saman med at den norske krona har halde seg overraskande svak dei siste åra. Per i dag kostar ein euro rundt 9,70 kroner medan ein dollar ligg på 8,60. Gitt betringa i norsk økonomi og at oljeprisen har gått litt opp dei siste åra hadde ein nok trudd at utanlandsk valuta generelt skulle liggje lågare enn dette, seier Jullum.
Undersøkinga viser også at det er dei frå 18 til 29 år som i størst grad har redusert pengebruken medan dei er i utlandet. Blant desse svarer 31 prosent at dei handlar mindre no enn for to år sidan. Dei over 50 er dei som i minst grad har snurpa att pengesekken.

Publisert: 04.07.2019 11:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33