Kort fortalt

Via Ferrata i Loen med ny besøksrekord

Mellom 7.000 og 8.000 personar har gått Via Ferrata-ruta i Loen i år.

13.10.2015
Rekorden på 5.000 personar frå i fjor er dermed slått, fortel Fjordingen.
– Så lenge det er ein god del som går på eiga hand, kan vi ikkje gi nøyaktige tal. Men ut frå at 3.250 personar i år nytta seg av tilbodet med guida tur, pluss at Loen Active har leigt ut utstyr til ytterlegare eit par tusen, kan vi slå fast at samla besøk ligg på mellom 7.000 og 8.000, seier Erik Rune Brendefur, dagleg leiar i selskapet Loen Active, til avisa.
Via Ferrata i Loen opna i 2011.

Publisert: 13.10.2015 15:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50