(NPK-NTB): Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti er samde om å trappe opp norsk jordbruk. Partia talfestar målet om sjølvforsyning til 50 prosent.
Dei tre partia vil auke sjølvforsyningsgrada frå dagens 40 prosent til 50 prosent innan 2026. Dei vil trappe opp sjølvforsyningsgrada ytterlegare når det målet er nådd. I tillegg er partia samde om ein risiko- og sårbarheitsanalyse som erkjenner at verdsmarknaden kan endre seg, skriv .
– Vi vil ta meir av jorda i bruk og ta tilbake det som er grodd igjen for å auke matsikkerheita i Noreg, seier Torgeir Knag Fylkesnes i SV.
Semja spring ut av eit representantforslag frå Senterpartiet som ikkje fekk fleirtal i Stortinget. Den raudgrøne semja blir sett på som eit teikn på kva som kan bli raudgrøn politikk om det blir regjeringsskifte ved valet i 2021.
Det er i jordbruksoppgjeret at partane blir samde om mål og verkemiddel for det norske jordbruket. I år vart staten og bondeorganisasjonane mellom anna samde om å redusere tilskot til produksjon av gras i kornområde og å auke tilskotet til utmarksbeite.
– Jordbruksavtalen er viktig. Der vi finn løysingar i fellesskap, men det hindrar ikkje at Stortinget engasjerer seg endå sterkare i ei viktig tid for matproduksjonen enn vi har sett i seinare tid, seier leiar Lars Petter Bartnes i Bondelaget.
(©NPK)

Publisert: 05.12.2019 08:56
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31