Kort fortalt

Vil avlyse tvangssamanslåing

Sp fremmar forslag om å gjere om vedtak.

27.09.2017
NPK-NTB: Som varsla i vår har Senterpartiet foreslått å gjere om vedtaket frå Stortinget om tvangssamanslåing av kommunar og fylkeskommunar.
Ved stortingsbehandlinga av kommunereforma og fylkesreforma i juni i år, varsla Senterpartiet at dei ville fremje omgjeringsvedtak for eit nytt Storting etter valet.
Partiet har nå levert to representantforslag om omgjering av vedtaka om tvangssamanslåing frå i vår.
– Vedtaka i juni blei gjort med knappast mogleg fleirtal. Det er behov for at eit nytt Storting med eit endra parlamentarisk grunnlag for regjeringa, får vurdere vedtaka om tvangssamanslåing på nytt, seier parlamentarisk leiar i Senterpartiet Marit Arnstad og kommunalpolitisk talsperson Heidi Greni.
I forslaga heiter det blant anna at eventuelle kommunesamanslåingar dei neste fire åra utelukkande skal byggje på fri vilje. I tillegg blir det foreslått at dei 31 kommunane som inngjekk i vedtaka om tvangssamanslåing i vår, skal få lov til å søke om omgjering av vedtaket.

Publisert: 27.09.2017 16:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41