Kort fortalt

Vil begrense cruisetrafikken

Forskar etterlyser ein meir regulert cruiseturisme.

19.07.2016
(NPK): Eivind Brendehaug i Vestlandsforsking meiner veksten i cruisetrafikken ikkje er berekraftig og at fjordane er for tilgjengeleg for cruiseturisme.
– Cruiseturisme er den mest problematiske forma for turisme når det gjeld berekraft, seier Brendehaug til , og etterlyser ei meir berekraftig tenking i reiselivet.
Forskaren i Vestlandsforsking meiner ein bør vurdere å avgrense tilgangen til norske fjordar både for skip og turistar. Tal frå Transportøkonomisk institutt viser at cruisepassasjerane har auka frå litt over 100.000 til nær 700.000 dei siste 20 åra. Og stadig nye skip blir bygde.
Studiar viser at cruiseturisme skapar små verdiar lokalt, og Brendehaug meiner cruisebåtane bør bli meir regulert. I dag er det er ingenting som hindrar eit skip i å segle inn i fjordane.
– Så lenge skipa følgjer internasjonale reglar på sjøen, så kan dei gå så langt inn i fjorden som dei ønskjer. Der er fyrst når dei skal leggje til kai at dei må få løyve, seier Brendehaug.

Publisert: 19.07.2016 10:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45