Kort fortalt
Vil bygge hotell og hytter i Liabygda
Ny reiselivsaktør til Stranda.
03.03.2021
Maximgruppen planlegg å bygge eit mindre hotell, restaurant, leilegheiter, hytter og ein liten matbutikk i Liabygda, melder Sunnmørsposten.
Eit arkitektkontor frå Lillehammer har teke kontakt med Stranda kommune og bedt om eit oppstartsmøte for å planlegge reguleringsplan for prosjektet omtala som Liahagen Hotell og Hytter.
Reiselivsaktøren rettar seg inn mot det øvste prissjiktet i marknaden og planane inkluderer 20-25 hotellrom og utservering til 150-200 personar. Maximgruppen eig allereie eit større bygg i Liabygda som skal byggjast om til hotell og leilegheiter – og har i tillegg kjøpt omkringliggande eigedomar, ifølgje avisa.
Publisert: 03.03.2021 11:50
Sist oppdatert: 03.03.2021 11:51