Alle vil til fjells
STRANDA: Oscar Almgren driv Uteguiden frå treffpunktet Hygge i Stranda og har hatt nokre gode månader. Strandafjellet har stor pågang, men må avgrensa kapasiteten grunna smittevern.
Nytt

«Alle» vil til fjells

– Heilt sinnsjukt, seier Uteguiden-sjefen om rekordinteresse for skredkurs. Også Strandafjellet har stor pågang – men må avvise mange.

Marius Rosbach
30.01.2021

Dungevis med nysnø og få aktivitetstilbod innandørs gjer at mange vel friluftsliv og fjellturar om dagen. Det merkast godt både hos turguideselskap og skisenteret i Stranda.

Denne veka sette Uteguiden ny rekord då dei arrangerte skredkveld på nett.

Med 2500 påmelde såg Oscar Almgren seg nøyd til å be Tafjord auke fiberkapasiteten kort tid før sending – og kring 1800 følgde heile sendinga direkte.

– Heilt sinnsjukt, seier Uteguiden-sjefen, og er ikkje tvil om at det løner seg trass i at det er heilt gratis å bli med.

Mange nybegynnarar

Uteguiden har arrangert skredkurs frå Troms til Agder i åtte år, men det siste året har det teke av digitalt. Almgren påpeiker at hovudmotivet med kursa er å gjere folk meir bevisste på farane som finst i fjellet og bidra til færre ulukker.

– For bedrifta er den store gevinsten at vi posisjonerer oss og når mykje folk, seier han.

Dei fleste som deltok denne veka var nybegynnarar når det kom til toppturar, og mange hadde nettopp kjøpt seg skredutstyr som ein treng for å ferdast i fjellet.

Vekker kursinteressa

Almgren fortel at dei opplever lågare terskel for å stille «dumme» spørsmål på digitale kurs. På eit «fysisk» skredkurs får dei gjerne færre enn ti spørsmål, men etter onsdagens rekord-webinar kom det inn 75 (!).

Guideselskapet følgjer opp med spørsmål til deltakarane. Av dei 700 som svarte denne veka, kunne 70 prosent tenke seg å ta eit tre-dagars skredkurs i løpet av sesongen. Om berre halvparten gjer alvor av planane, kan det bli mykje god business for guideselskapet.

– Vi har fått mykje folk interessert i kurs på det viset, og seinast i dag bestilte ein gutegjeng som hadde vore med på webinaret, fortel han.

Rekordaktivitet etter katastrofesesong

Som store delar av reiselivet, har guideselskapet hatt store opp- og nedturar som følgje av koronaen. Fjorårsvinteren mangla først snø, før pandemien sette ein stoppar for den delen av sesongen med største aktivitet.

– Eigentleg er vi berre glade for å kome ut av fjoråret i live, med ein heil vintersesong som gjekk i dass, seier Almgren.

i sommar kom selskapet Valldal Naturopplevingar inn under Uteguiden-paraplyen.

– Vi hadde ein utruleg bra sommar med rekordbesøk i Valldal. Også desember og januar har vore dei beste nokon sinne når det kjem til aktivitetar, fortel han.

Og slik venta dei at det skulle det halde fram i februar, inntil nye smitteverntiltak igjen sette ein ny stoppar for mykje av verksemda.

Ungdomskafé og -kurs

Som Almgren fortalde til dreier mykje av strategien seg om å ha fleire bein å stå på.

Ungdomskafé ved treffstaden Hygge og er nye tilskot i verksemda. Nyleg lanserte dei også eigne kurstilbod til ungdom i regionen som vil lære om friluftsliv.

I Ålesund har dei utstyrsutleige og jobbar med ei butikkløysing med utstyrssal.

Har fått krisestøtte

Almgren påpeiker at støtte frå Innovasjon Norge har vore avgjerande for å få webinar-arrangementet opp å gå. Dei har óg laga digitale kurs og instruksjonsvideoar som blir lagt ut på ein eigen Youtube-kanal.

Guideselskapet er også mellom bedriftene som har fått støtte frå kompensasjonsordninga for tapte inntekter frå styresmaktene – kring 117.000 for mars, april, juni og juli.

Ein fjerdedels kapasitet på Strandafjellet

Strandafjellet skisenter har hatt ein fin sesongstart med stabil kald januar der dei har fått produsert mykje kunstsnø.

– I tillegg har det kome godt påfyll av natursnø som gjer at vi har opna heile anlegget. Det gjer også at vi får spreia gjestane godt i anlegget, fortel dagleg leiar Stian Græsdal til NETT NO.

Pandemien er eit skår både i gleda og lønnsemda. Ved å følgje smittevernrettleiaren for bransjen kan dei berre fylle heisane med kring ein fjerdedel av kapasiteten. Alle heiskort blir selt på nett og slik justerer dei talet på besøkande.

– Det har vore fullt kvar einaste helg, og vi vore nøyd til å seie nei til folk. Det er litt surt å ikkje kunne i ta i mot alle som har lyst til å kome til oss, men slik er det berre, konstaterer han.

Kygo-besøk

Fredag kunna både lokalavisa og Strandafjellet si -side dokumentere at det også har vore celebert besøk, av artisten Kygo (Kyrre Gørvell-Dahll), som gjorde ei innspeling på Roaldshornet.

Det ga mellom anna eit kjærkome oppdrag til Momentium Event, fortalde dagleg leiar Simon Pedersen til .

Tapt millionar

Også Strandafjellet har fått støtte frå kompensasjonsordninga på nær 950.000 kroner for seks månader med tapte inntekter som følgje av pandemien – desidert mest i mars og april i fjor.

Græsdal hartil at store vedlikehaldskostnader ikkje blir dekka.

Samanlikna med tapte selskapet inntekter på nær 6,5 millionar i desse månadene - meir enn sju gonger meir enn dei fekk i kontantstøtte, ifølgje .

Nytt servicebygg neste sesong

Investeringa i på skisenteret er samtidig i full gong. I sommar starta bygginga av servicebygget som skal stå ferdig til neste sesong.

– Restaurantdelen opnar til sommaren og denne veka blei taket montert, fortel Græsdal.

Gjennom selskapet Blådalslia er det vidare planar om ei storstilt utbygging av leilegheiter og hytter i lia bak servicesenteret. Totalt kan det her bli 250 bueiningar, 55 hytter og resten leilegheiter. I denne satsinga er også Nordang Holding og Roger Halsebakk sitt investeringselselskap Ronja Capital inne.






Eigentleg er vi berre glade for å kome ut av fjoråret i live, med ein heil vintersesong som gjekk i dass

Publisert: 30.01.2021 05:55

Sist oppdatert: 24.03.2021 16:05