(NPK-NTB): Statkraft søkjer konsesjon for å byggje eit nytt Aura kraftverk i Sunndal. Prosjektet har ein prislapp på rundt seks milliardar kroner.
Det nye kraftverket skal byggjast inne i fjellet, med ein ny tunnel frå Osbu-magasinet og større turbinar som aukar effekten frå dagens 310 MW til rundt 810 MW. Det svarer til 2,5 gonger dagens maksimale effekt, skriv lokalavisa Driva.
– Ved å byggje nytt Aura kraftverk, vil vi kunne tilby meir effekt, og litt meir energi, utan å tilføre meir vatn. Det treng det fornybare kraftsystemet i framtida, seier konsernsjef Birgitte Ringstad Vartdal i ei pressemelding.
Oppgraderinga vil gi om lag 130 GWh meir straum i eit normalår og kunne dekkje forbruket til over 130.000 husstandar. Aura kraftverk har vore i drift sidan 1953 og leverer i dag meir enn ein firedel av straumproduksjonen i Møre og Romsdal.
– Kraft er nerven i samfunnet og grunnlaget for verdiskaping over heile landet. No har mange vasskraftverk behov for modernisering, seier Vartdal.
Les pressemelding om saka her (ekstern lenke)
Kraftverket har vore i drift i over 70 år, og må oppdaterast dei neste åra.
Aura er eitt av fem store vasskraftprosjekt Statkraft prioriterer. Tidlegare i år vart det også sendt konsesjonssøknader for Nore I og II i Buskerud. Samla kan prosjekta auke den installerte effekten av selskapet i vasskraft med over 20 prosent.
Det nye anlegget vil liggje nær Hydro Sunndal, Europas største produksjonsanlegg for aluminium. Aura kraftstasjon vart i si tid bygd for å levere straum til aluminiumverket på Sunndalsøra.
Publisert: 21.05.2025 08:05
Sist oppdatert: 21.05.2025 08:05





