Kort fortalt

Vil dele data for å stoppe svindel

Nytt tiltak i kampen mot økonomisk kriminalitet.

17.02.2025

(NPK-NTB): Kampen til bankane mot økonomisk kriminalitet har vorte bremsa av personvernomsyn, men no vil Finanstilsynet, Datatilsynet og finansnæringa dele data i jakta på kriminelle.

– Det globale estimatet er vel at noko slikt som 500 milliardar dollar blir svindla og kvitvaska i året. Det er 25 prosent av Oljefondet vårt, for å setje det i perspektiv, seier DNB-sjef Kjerstin Braathen til Dagens Næringsliv.

– Omfanget av betalingsstraumar som går gjennom ein bank som DNB er jo på storleik med eit par statsbudsjett om dagen, legg ho til.

I fjor vart det prøvd svindla 2,5 milliardar kroner frå DNBs kundar. Banken stoppa 2,1 milliardar, men Braathen understrekar behovet for betre verktøy.

– Vi ser eit potensial for å få betre resultat gjennom datadeling, seier ho.

Riksadvokat Jørn Sigurd Maurud har i nytt rundskriv beordra betre informasjonsdeling mellom politi, påtalemakt og andre etatar, mellom anna for betre kamp mot økonomisk kriminalitet.

– I fjor melde vi vel 3500 saker til Økokrim, med mistanke om saker på kvitvasking. Vi har ikkje høve til å dele, verken på tvers av infrastrukturselskapet knytt til BankID, eller med andre, og ikkje med politiet. Viss vi deler med Økokrim sentralt, kan ein ikkje dele med politiet lokalt, seier Braathen.

(©NPK)

Publisert: 17.02.2025 10:02

Sist oppdatert: 17.02.2025 10:02

Mer om