Kort fortalt

Vil elektrifisere Melkøya innan 2027

Prislapp: Fire milliardar kroner.

29.11.2021

(NPK-NTB): Sidan 2008 har Equinors anlegg på Melkøya i Hammerfest årleg sendt ut 800.000 tonn CO2, samla over 10 millionar tonn. Innan 2027 skal anlegget elektrifiserast.

– For å setje dette i eit anna perspektiv – utsleppsreduksjonen representerer 400.000 fossilbilar, seier prosjektdirektør Kjetil Myklebust i Equinor til NRK.

Melkøya-anlegget er ein del av Hammerfest LNG, eit anlegg for mottak og prosessering av naturgass og eit av Noregs største punktutslepp av CO2.

Planen er at anlegget er elektrifisert innan midten av 2027. Prislappen er 4 milliardar kroner.

I tillegg til å erstatte gassturbinane med elektrisk kraftforsyning frå land, skal anlegget utvidast til å kunne levere gass fram mot 2050.

(©NPK)

Publisert: 29.11.2021 09:53

Sist oppdatert: 29.11.2021 09:55

Mer om