NPK: Store mengder kval har skapt problem for sildefisket i Nord-Noreg i haust. No tek fleire fiskarar og Norges Fiskarlag til orde for å opne for fangst på spekkhoggar og knølkval.
Sjøpattedyra oppheld seg nær fiskefartøya som i desse dagar fiskar etter sild, då tettleiken av mat er god der. Fleire fartøy har meldt om at kval har sete seg fast i fiskenetta, noko som både kan gi kvalen ein smertefull død og øydelagt utstyr for fiskarane, skriv
– Etter det vi kan sjå har talet dyr auka enormt. Så dei er definitivt ikkje utryddingstrua. Ein knølkval treng to tonn føde i døgnet. Og i Barentshavet er det vel 10.000-12.000 knølkvalar, så då kan ein jo ta reknestykket derfrå, seier Martin Rist Angelsen frå Vestvågøy Fiskarlag til Fiskeribladet.
Han er ein av fleire fiskarar som vil ha kontrollert uttak av kval, noko også Fiskarlaget støttar.
– Ja, vi helsar eit kontrollert uttak velkommen. Det er enorme mengder dyr no og dei treng store mengder fisk for å overleve. Skal vi ha ei økosystembasert forvaltning i havet er eit uttak naudsynt, seier Kjell Ingebrigtsen, som er leiar i Norges Fiskarlag, til avisa.

Publisert: 15.11.2017 08:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41