(NPK): Ein norsk delegasjon ønskjer at to norske fartøy skal få fiska etter makrellstørje også i år.
– Eg kan ikkje spå, men håpet vårt er at det går gjennom. Ingenting er sikkert før alt er i boks, seier den norske forhandlingsleiaren, Sigrun Holst, som neste veke skal vera med i dei internasjonale forhandlingane om fiske etter makrellstørje, fortel
Ho håpar at eitt ringnot- og eitt linefartøy frå Noreg får vera med i det ettertrakta fisket i år. Frå norsk side vil ein gjerne ha ein kvote på 43,71 tonn. Det er ein auke på 20 prosent frå i fjor og i tråd med treårsplanen til Den internasjonale organisasjonen for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCATA), fortel avisa.
Til saman er det nokre og tjue land med i forhandlingane om forsøksfisket etter den store tunfisken. (©NPK).

Publisert: 03.03.2016 16:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47