Kort fortalt

Vil få fleire til å velje miljøvennleg i godstransport

Nye reglar for tungtransporten.

14.04.2021

(NPK-NTB): Køyre- og kviletidsreglane i godstransporten slår inn ved 3,5 tonn. Køyretøy med alternative drivstoff er ofte mykje tyngre, og derfor blir reglane no endra.

– Vi ønskjer å leggje til rette for meir bruk av miljøvennlege køyretøy, også i godstransporten, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) i ei pressemelding.

Køyretøy med alternative drivstoff er ofte tyngre enn fossildrivne køyretøy på grunn av tunge batteri og gasstankar. Hareide peikar på at dette gir ei uheldig konkurranseulempe når det gjeld køyre- og kviletidsreglane som slår inn når vekta overstig 3,5 tonn.

– Derfor vil vi no gjere eit unntak for køyretøy med alternative drivstoff med tillaten totalvekt opptil 4,25 tonn i dette regelverket, seier Hareide.

Endringane trer i kraft frå 30. april.

(©NPK)

Publisert: 14.04.2021 09:14

Sist oppdatert: 14.04.2021 09:16

Mer om