Kort fortalt

Vil ha elbil-betaling

Det kan verte slutt på billege ferjebillettar for elbilar.

20.11.2015
(NPK): Fylkespolitikarar i Hordaland tek til orde for at elbilistar skal måtte betale når dei tek fylkesvegferjer.
Frå nyttår kan det dermed vere slutt på gratis elbil-reiser på fylkesvegferjene i Hordaland, fortel .
Om Hordaland fylkeskommune neste år skal leggje ut for gratis elbil-reiser berre på ferja mellom Bergen og Austevoll, kostar det éin million kroner. Fleirtalet i fylkeskommunen ønskjer ifølgje NRK.no ikkje å prioritere dette. Budsjettavtalen mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet, KrF og SV går difor inn for å kutte ordninga med gratisreiser.
Fylkesrådmann Rune Haugsdal har skissert forslaget. NRK fortel at prisen for ein elbil skal vere lik som for ein fossilbil som har rabatt på ferja.
Forslaget gjeld ikkje ferjesamband på riksvegane. (©NPK)

Publisert: 20.11.2015 10:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50