Kort fortalt

Vil ha fart i straumnettutbygging

Straumnettutvalet vil ha raskare utvikling av nye nettanlegg.

14.06.2022

Leiaren av straumnettutvalet, Nils Kristian Nakstad, har overlevert utgreiinga om straumnett i Noreg til olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Straumnettutvalet har særleg vurdert tre overordna tema i utgreiinga. Det første er å redusere tida det tek å utvikle og konsesjonsbehandle nye nettanlegg. Det andre temaet handlar om å vareta ei samfunnsøkonomisk utvikling av straumnettet. Det siste temaet handlar om å sjå på moglege forbetringar i systemet med tilknytingspunkt.

Olje- og energiminister Terje Aasland meiner Noreg treng eit sterkt og robust straumnett.

– Eg har sett fram til å få utgreiinga frå straumnettutvalet. Vi treng eit sterkt og robust straumnett i Noreg, slik at vi kan vi få frakta den fornybare krafta vår fram til alle som treng ho. Då er det viktig at vi legg til rette for så effektiv utbygging av straumnettet som vi kan, seier Aasland.

Publisert: 14.06.2022 17:47

Sist oppdatert: 14.06.2022 17:48

Mer om