Kort fortalt

Vil ha forslag til Fylkesprisen "Årets Bedrift"

M & R. fylkeskommune vil ha innspel.

Kristin Vidhammer
15.01.2018
Veit du om ei bedrift i Møre og Romsdal som du meiner har utmerka seg på ein eller fleire måtar i løpet av året som har gått? Kandidatane kan komme frå alle bransjar innan industri, handverk og service.
Send inn ditt forslag på innan 1. februar 2018.
Skriv kort om bedrifta og kvifor du meiner bedrifta fortener prisen.
Ved tildeling av prisen vil ein legge vekt på følgande:
  • Bedriftsøkonomi
  • Rolle i regional næringsutvikling (teknologi- og kompetanseutvikling, innovasjon, nyetablering og sysselsetting, ringverknader i lokalsamfunn og region og internasjonalisering)
  • Miljøprofil (omfattar både generell miljøprofil, miljøvenleg produkt og miljøvenleg produksjon)
  • Organisasjon (leiing, rekrutterings- og personalstrategi, HMS-profil)

Det er regional- og næringsutvalet som kårar vinnaren av Fylkesprisen Årets Bedrift.

Tidlegare vinnarar:


2016: Tingvollost AS, Tingvoll kommune2015: Slettvoll Møbler AS, Stranda kommune2014: Ulmatec Pyro AS, Haram kommune2013: Rindalslist AS, Rindal kommune2012: Kleven Maritime AS, Ulstein kommune2011: Arvid Gjerde AS, Rauma kommune2010: Gjøco AS, Gjemnes kommune2009: Saferoad AS, Ørsta kommune2008: Odim AS, Hareid kommune2007: Brunvoll AS, Molde kommune2006: Haugen Bok AS, Volda kommune2005: GC Rieber Oils AS, Kristiansund kommune2004: Hydro Aluminium Sunndal AS, Sunndal kommune2003: Hustad Marmor AS, Fræna kommune2002: Berg Jacobsen Gruppen AS, Molde kommune2001: I.P. Huse AS, Sandøy kommune

Publisert: 15.01.2018 12:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40