Vil ha garanti om skipstunnelen
Bjørlo spør statsråden i Stortinget.
Stortingspolitikar Alfred Bjørlo (V) har stilt fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth eit skriftleg spørsmål om Stad skipstunnel i Stortinget.
Venstre-politikaren frå Nordfjordeid vil ha garanti for at Kystverket har fått alle nødvendige avklaringar frå departementet for å kunne lyse ut Stad Skipstunnel på anbod i løpet av første halvår 2024.
Bjørlo spør også kvifor ikkje Ap-statsråden vil møte ordførar Sigurd Reksnes (Sp) i Stad, som er vertskapskommune for prosjektet.
Prosjektleiar Terje Skjeppestad fortalde nyleg til NETT NO at Kystverket hadde fått grønt lys til å gi vidare med erverv av eigedomar.
Det er i utgangspunktet planlagt ei rettssak kring skjønnsprosessen i mai.
Publisert: 02.01.2024 11:47
Sist oppdatert: 02.01.2024 11:47