Stad skistunnel Kjøde Snøhetta
KJØDE: Kring 15 eigedomar er innløyste i førebuingane til å bygge Stad skipstunnel. Nokre få saker står att - men Kystverket bad retten om utsetting. Foto: Kystverket/Snøhetta
Nytt

Grunneigarane vil ha fortgang om skipstunnelen

Meiner trugslane om å få konfiskert eigedomane er ei tung belastning og vil unngå stans. Nyleg fekk dei nytt avslag i rettssystemet.

Marius Rosbach
13.09.2023

NETT NO omtala i helga korleis utlysinga av anbodet for Stad skipstunnel er avhengig av utfallet av fleire rettsprosessar. Per no ligg det an til at anbodet blir lyst ut før sommaren neste år.

Etter at regjeringa sette prosjektet på pause i vår, blei arbeidet med å ekspropriasjon - å konfiskere eigedomane til fordel for staten - sett på vent.

Tre av fire grunneigarar sette seg i mot dette og bad om at skjønnsforhandlingane kring eigedomane ikkje blei stoppa.

Nyleg har dei for andre gong fått ei avgjerd i Sogn og Fjordane tingrett mot seg i dette synet. Saka er anka – men enno ikkje behandla av lagmannsretten.

Meiner seg utsett for urimeleg ulempe
I avgjerda frå Sogn og Fjordane tingrett blir det vist til at det blei gitt løyve til ekspropriasjon i april 2022. Den eine eigaren viser til at fritidsbustaden deira no er fråflytta og eigedomen er overteken av Kystverket.

Den kan med andre ord ikkje nyttast av eigarane. Samtidig bli verdien låst inne og eigarane får i perioden ikkje moglegheit til å eventuelt kjøpe ny fritidsbustad i området.

Grunneigarane meiner ei utsetting kan gjere at saka dreg ut over fleire år, som vil vere ei urimeleg ulempe for grunneigarane.

Eigarane har behov for avklaring
Advokat Lars Inge Ørstavik som representerer ein anna av partane, fortalde til Rett24.no i slutten av august at dei opplever ekspropriasjonssaka som ei tung psykisk belasting med uvisse kring heim og bustad – og har behov for ei avklaring.

– Vi meiner det er uakseptabelt om staten skal få utsette domstolsprøvinga av eit føreliggande ekspropriasjonsvedtak, fordi staten no ikkje er heilt sikker på om man skal bygge skipstunnel eller ikkje, uttalte han til nettstaden.

Saka omhandlar også bruken av ein næringseigedom for eit fiskerireiarlag.

Vil vente på grønt lys frå politikarane
Staten har argumentert med at ei finansiering av skipstunnelen vil bli bindande avgjort når statsbudsjettet for neste år kjem på plass.

I si vurdering viser tingretten samtidig til at Kystverket har varsla at dei vil be om at skjønnssaka blir sett i gong - eller trekt - så snart finansieringa av prosjektet er avklart.

I avgjerda konkluderer retten at behovet for ei forsvarleg og kostnadseffektiv behandling, gjer at det er «svært tungtveiende grunner» for å stanse arbeidet - og tar kravet frå Kystverket til følgje.

Stad skipstunnel moldefjorden innfelt terje skjeppestad illustrasjon foto Kystverket Snøhetta Plomp Olav Helge Matvik
PROSJEKTLEIAR: Terje Skjeppestad er prosjektleiar for bygging av Stad skipstunnel i Kystverket. Illustrasjon/foto: Kystverket/Snøhetta/Plomp/Olav Helge Matvik

Ventar på ny rettsrunde
No venter partane på at saka skal bli sett opp for tingretten på nytt – noko som tidlegast vil skje mot slutten av året, eller tidleg neste år.

NETT NO spurde prosjektleiar for Stad skipstunnel, Terje Skjeppestad, kvifor Kystverket har gjort som dei har gjort i retten, når det kan bidra til å forseinke prosessen med å lyse ut anbodet.

– Dette var ikkje Kystverket si avgjerd. Vi fekk eit innspel frå regjeringa i revidert nasjonalbudsjett, der det stod at regjeringa bad om å la grunnervervet stå i ro inntil neste års statsbudsjett låg føre. Difor har vår innstilling til retten vore å pause saka fram til det var på plass, svarar Skjeppestad.

Inntil vidare kan ikkje prosjektleiaren gjere noko meir enn å vise til den rettslege prosessen for vidare behandling av sakene.

Meiner det ikkje vil føre til langvarig utsetting
Til tingretten sin vurdering om å stoppe saka blir det også lagt vekt på ein stans ikkje vil føre til ei langvarig utsetting.

Det blir vist til at statsbudsjettet blir klart seinast i midten av desember, som betyr at Kystverket seinast i januar kan gi ei tilbakemelding om dei vil gjennomføre skjønnsforhandlingane.

Retten viser også til at skjønnssaka uansett ikkje vil kome for retten før tidlegast mot slutten av året, eller tidleg neste år.

Skal vurdere stopp-avgjerda på nytt
Det høyrer med til historia at Sogn og Fjordane tingrett ga medhald til Kystverket også tidlegare i sommar.

Etterpå kom Gulating lagmannsrett til ein anna konklusjon og oppheva avgjerda til tingretten. Når Sogn og Fjordane no har handsama saka på nytt, kom den altså til same konklusjon som sist.

Ettersom den siste avgjerda også er anka – skal Gulating snart vurdere stopp-avgjerda på nytt.

Publisert: 13.09.2023 05:00

Sist oppdatert: 12.09.2023 23:00

Mer om