Rapporten er laga av konsulentselskapa Multikonsult og Thema på oppdrag frå Equinor. Spørsmålet Equinor ville ha kasta lys over var korleis eit stort flytande vindkraftanlegg på 1 GWh i havet utanfor Bergen kan påverke kraftforsyninga i bergensregionen.
Konsulentane konkluderer med at utbygging av havvind kan gi tryggare forsyning av straum i bergensregionen. Havvindkraft kan også gi overskot som kan brukast i både gammal og ny industri og dessutan gi lågare kraftprisar på heile Vestlandet, skriv E24.
– Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fått i oppdrag frå regjeringa å sjå etter nye moglege område for havvind. Dei bør prioritera å finna eit område like utanfor bergensregionen, seier fornybardirektør Pål Eitrheim i Equinor til avisa.
– Her er eit svært stort potensial, langt utover det som trengst i den norske kraftmarknaden, seier han.
Så snart tildelingskriteria er klare frå Olje- og energidepartementet, er Equinor no klare til å søkje om konsesjon for havvindutbygging på Utsira Nord, som er det første området som er opna for flytande havvind i norske havområde. Selskapet har også planar om å søkje konsesjon i Sørlege Nordsjø II, der botnfaste turbinar er meir aktuelt.
(©NPK)
Publisert: 28.02.2022 14:22
Sist oppdatert: 28.02.2022 14:25