Kort fortalt

Vil ha internasjonal fyrlyktstandard

Kystverket må endre sjømerka.

07.02.2019
NPK: Kystverket har starta arbeidet med å endra sjømerka langs kysten. Innan utgangen av 2025 skal alle fyrlykter ha lagt om frå ein særnorsk til ein internasjonal standard.
Kystverket skal leggja om sektorane på om lag 1.900 fyrlykter. Arbeidet er venta å vera ferdig innan utgangen av 2025.
– Prinsippa for anbefalinga er at når ein sjøfarande stemner mot ei fyrlykt i kvit sektor, skal sektoren på styrbord side vera grøn, og sektoren på babord side skal vera raud. Dette gjeld uansett kva retning ein seglar farleia, seier Per-Magne Rovde i Kystverket i ei pressemelding.
Enkelte sjømerke blir flytta, nokre blir fjerna eller modernisert for å gjera merkinga meir intuitiv og oversiktleg. Endringa vil gjera det meir føreseieleg for dei som er på sjøen.
– Dei som ferdast på sjøen vil altså trenga noko mindre tid til kartstudering undervegs i seglasen om natta. Men det er likevel viktig å understreke at god planlegging av seglasen framleis er viktig, for så vel dei profesjonelle sjøfarande som dei som ferdast i fritidsbåt. Og ikkje minst; sørg for å ha oppdaterte sjøkart, understrekar Rovde.

Publisert: 07.02.2019 16:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36