(NPK-NTB): Leiar i Fagforbundet, Mette Nord, seier kortare arbeidsdag kan bli ein realitet i løpet 2020– 2022. På veg mot sekstimarsdagen, kan ho vere villig til å akseptere eit nulloppgjer.
– Vi skal ikkje ta alt i eit jafs; det bør skje over tid, men vi er overbevist om at det er riktig veg å gå for Noreg, seier Nord til . Arbeidet startar allereie til våren, men ho trur iverksetjinga ikkje vil kome i gang før to år seinare. Først må pensjonen på plass, og på vegen kan det bli aktuelt å godta eit lønnsoppgjer som går i null.
– Det må vi vere opne for, seier forbundsleiaren.
Fagforbundet med sine 340.000 medlemmer jobbar hardt for å få sett sekstimars arbeidsdag på dagsordenen. Nord meiner kortare arbeidstid kan bremse forbruksveksten. I tillegg kan det gjere at fleire kan få jobb, fleire vil kunne jobbe heiltid og fleire vil kunne jobbe lengre.
Ho understrekar også at ein sekstimars arbeidsdag er ei betre løysing for familiar, der begge foreldre får moglegheit til å vere i heiltidsjobb.
Men for å få til denne ordninga må det generelle skattetrykket opp. Nordmenn betaler 28,8 prosent i inntektsskatt, medan dei til samanlikning betaler 38,4 prosent i Danmark og 39,5 prosent i Tyskland, seier ho til avisa. (©NPK)

Publisert: 18.11.2015 08:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50