Vil ha lusekvotar og nye krav i oppdrett
(NPK): Havforskingsinstituttet tek til orde for å få bukt med lakselus og daude individ i merdar ved å ta i bruk lusekvote. Dei vil samtidig ha strengare krav til dyrevelferd.
– Dagens utfordringar med lakselus og dyrevelferd må løysast for å få ei berekraftig utvikling av akvakultur, seier forskningssjef Terje Svåsand ved Havforskingsinstituttet (HI) i ei nyheitsmelding.
Ønsket går fram av eit høyringssvar som HI har overlevert til Nærings- og fiskeridepartementet.
– Me har no fått så gode modellar for å rekna ut utslepp av lakselus og korleis dei spreier seg, at det er mogleg å rekna ut kvotar for utslepp av lus for kvart produksjonsområde, seier Svåsand.
Leiar for HI si forskingsgruppe for dyrevelferd Lars Helge Stien seier at det i tillegg døyr for mykje fisk i produksjonen. HI har tidlegare føreslått ein protokoll for velferdsovervaking av laks i merd.
– Det er fleire andre artar som er aktuelle for oppdrett no, for eksempel torsk. Dette bør bli teke med i det vidare arbeidet slik at eit nytt regelverk også passar på oppdrett av andre artar enn laks, seier Svåsand.
(©NPK)
Publisert: 08.01.2024 10:39
Sist oppdatert: 08.01.2024 10:39