Kort fortalt

Vil ha makspris på straum

Maks 70 øre kWh, meiner Lundteigen.

11.01.2022

Per Olaf Lundteigen (Sp) ønskjer ein makspris på straum på 70 øre per kilowattime for hushald og næringsliv.

Lundteigen foreslår ei øvre grense på 70 øre, som skal ta utgangspunkt i støtteordninga regjeringa allereie har lagt fram, skriv Nationen.

– Etter mi meining må vi ha ein makspris for hushald, og han må òg gjelde for næringsdrivande. Sjølvsagt skal vi ha det, seier Lundteigen.

Dersom dette ikkje er mogleg innanfor EØS-avtalen, ber Lundteigen EØS-tilhengjarar grunngi kvifor det er sånn.

Måndag vart det òg kjent at Frp tysdag vil leggje fram eit forslag i Stortinget, om å innføre ein makspris på 50 øre per kilowattime.

Publisert: 11.01.2022 04:35

Sist oppdatert: 11.01.2022 04:36

Mer om