Kort fortalt

Vil ha meir fokus på biogass

Biogass kan gi like mykje kraft som fire Fosen-felt.

13.03.2023

Då Energikommisjonen la fram løysinga si på den norske energisituasjonen tidlegare i vinter, var biogass knapt nemnd. Biogassbransjen er oppgitt.

Potensialet for biogass ligg ein stad mellom 6 og 22 TWh i året, var konklusjonen i ein rapport som vart lagt fram av Norsk institutt for berekraftsforsking førre veke, skriv Nationen.

– Rapporten konkluderer med eit potensial som ligg mellom 6 og 22 TWh. Då er det slett ikkje urealistisk å setje seg mål om at biogass skal produsere 10 TWh i året, seier Jens Måge i Avfall Norge.

Det svarer til fire Fosen-utbyggingar eller 10–15 Alta-utbyggingar.

– Eg forstår ikkje kvifor politikarane ikkje i større grad vil satse på biogass, som er langt mindre konfliktfylt, seier dagleg leiar Tore Woll i Energigass Norge, og viser til konfliktane rundt vindkraft.

Også Norges Bondelag er utolmodige med å få fart på den norske biogass-satsinga. Dei ønskjer at 25 prosent av den norske husdyrgjødsla skal bli biogass. Førebels skjer det berre med 1–2 prosent.

Nestleiar Egil C. Hoen i Norges Bondelag meiner Noreg ligg håplaust etter og viser til at medan Enova gav 200 millionar til fem biogassanlegg i fjor, løyvde Sverige 2,3 milliardar til 83 anlegg, medan Danmark har vedteke å bruke 13,6 milliardar kroner dei neste 20 åra.

Publisert: 13.03.2023 07:40

Sist oppdatert: 13.03.2023 07:41

Mer om