Kort fortalt

Vil ha meir gjenbruk av stål

Gir arbeidsplassar og reduserte utgifter.

14.02.2018
NPK: Å bruke gamle stålkonstruksjonar om att kan gi lokale arbeidsplassar, nedgang i utsleppet av klimagassar og reduserte byggjekostnader.
Det går fram av rapporten «Ombruk av stålbygg og tilknyttede materialer».
– Kvart år riv vi 20.000 bygg i Noreg, og mange verdifulle bygningsdelar vert kasta eller nedgraderte slik at dei mister nesten all verdi. Ønskjer bransjen å omfamne sirkulærøkonomien, må vi få ei radikal endring her, seier Lasse Kilvær, prosjektleiar i Norsk Stålforbund, i ei pressemelding.
I dag vert det nesten berre selt nytt konstruksjonsstål i Europa, det vil seie nytt og gjenvunne stål. Det meste av brukt stål vert smelta om, noko som gir eit materiale med lågare CO2-utslepp enn stål frå malm, men utsleppa er likevel betydelege. Gjenbruk av stål skjer nesten aldri.
Norsk Stålforbund fekk for nokre år sidan 480.000 kroner i støtte gjennom Designdrevet Innovasjonsprogram (DIP). Programmet er finansiert av Nærings- og fiskeridepartementet og styrt av Design og arkitektur Norge (DOGA) i samarbeid med Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg.
– Ei rein demontering og remontering kan i enkelte tilfelle halvere kostnadene for stålkonstruksjonen, dersom alternativet er å kjøpe nytt stål. Sjølv med mellomlagring og verkstadstilpassing er det potensielt ein god del pengar å spare på ombruk av stålkonstruksjonar, seier Kilvær.
Han reknar dei 4–5 millionar bygningane som står i Noreg i dag som eit reint ressurslager for framtidige byggjeprosjekt. Og for å utnytte desse ressursane etter kvart som dei blir tilgjengelege – etter enda levetid – kan det vekse fram nye yrkesgrupper og mange lokale jobbar.
– Bygningsprodukt er spreidde utover heile landet. No treng vi kompetente fagpersonar som kan demontere utrangerte bygg, framfor å rive dei. Dessutan må stålet testast for å bestemme type og kvalitet når det ikkje finst dokumentasjon. Dette kan ganske fort bli ei viktig verksemd mange stader i landet, seier Kilvær.

Publisert: 14.02.2018 12:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39