Kort fortalt

Vil ha meir offentleg vindkrafteigarskap

SV vil at det offentlege skal eige det meste av ny vindkraft.

06.03.2023

SV vil leggje fram eit forslag om at vindkraft skal underleggjast same krav til eigarskap som vasskraft, noko som vil innebere meir offentleg eigarskap.

Ifølgje Klassekampen vil forslaget bety at minimum to tredelar av alle nye vindkraftanlegg skal eigast av anten stat, fylkeskommunane eller kommunane – og vil at det skal gjelde også ved fornying av konsesjonar.

– Viss utanlandske eigarar sender overskot frå vindkrafta ut av landet, skaper det mistillit. Då blir det endå mindre ønskjeleg for folk og lokalsamfunn å avstå område til vindkraft, seier Kari Elisabeth Kaski, SVs finanspolitiske talsperson.

Partiet fremja eit liknande forslag i 2018, men det vart nedstemt. Kaski oppmodar no Ap og Sp til å snu og sikre fleirtal. Dei to regjeringspartia vil likevel ikkje forplikte seg.

– Vi er tydeleg på at fellesskapet skal ha kontroll på energiressursane, om det er vind- eller vasskraft. Når det gjeld nye vindkraftprosjekt på land, er det viktig å leggje til rette for offentleg eigarskap, skriv Marianne Sivertsen Næss (Ap), leiar av energikomiteen på Stortinget, til Klassekampen.

Også Gro-Anita Mykjåland, Sp-medlem i den same komiteen, legg vekt på at partiet ønskjer meir nasjonal kontroll og eigarskap.

Publisert: 06.03.2023 09:15

Sist oppdatert: 06.03.2023 09:16

Mer om