Kort fortalt

Vil ha meir straumstøtte

Høgre krev ekstra straumtusenlapp til arbeidsledige.

07.01.2022

Hjelpa frå staten til straumkundar monnar ikkje, meiner Høgre. No vil dei leggje fram forslag som gir ein ekstra tusenlapp til ledige og permitterte.

– Vi foreslår å gi 1.000 straumkroner til ledige, permitterte og dei på arbeidsavklaringspengar, seier Høgres 2. nestleiar Tina Bru til VG.

Ho meiner straumpakken til regjeringa frå desember ikkje er god nok verken for dei som har aller dårlegast råd, eller for vanlege folk.

Før jul la Jonas Gahr Støres regjering fram ein pakke der staten tek rekninga for 55 prosent av prisen over 70 øre kilowattimen. Straumrekninga som dei fleste fekk denne veka, er den første som blir dekt av denne ordninga.

Bru fortel at Høgre ikkje har detaljane i pakken sin klar enno, men ser mellom anna på høgare del og ulike innslagspunkt for når støtta slår inn.

Publisert: 07.01.2022 15:41

Sist oppdatert: 07.01.2022 15:42

Mer om