Kort fortalt

Vil ha nasjonal karriererettleiing på nett

Karriererettleiing bør samlast på felles nettstad.

15.10.2015
(NPK): Det bør opprettast ein felles nasjonal nettstad der profesjonelle rettleiarar kan gje råd til alle som skal ta viktige val om utdanning og arbeid, meiner offentleg utval.
– Karriererettleiing er ein viktig nøkkel for livslang læring og deltaking i arbeidslivet. Eit karriererettleiingstilbod på nettet er eit godt grep for å sikra karriererettleiing for alle over heile landet, seier leiaren for det regjeringsoppnemnde Karriererettleiingsutvalet, Christl Kvam.
Ho overleverte torsdag ein delrapport til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Ho meiner karriererettleiing er viktig i ei tid der norsk økonomi er inne i ein krevjande fase med store omstillingar.
– Karriererettleiing kan bidra til at folk handterer desse endringane betre, seier ho.
Bakgrunnen for at utvalet blei sett ned er at OECD har peikt på at tilgangen til karriererettleiing ikkje er god nok i Noreg.
For å bøta på dette rår utvalet altså til at det bør opprettast ein nettstad for heile befolkninga som mellom anna kan tilby rettleiing via chat, telefon og e-post. Utvalet meiner tenesta bør vera bemanna med profesjonelle rettleiarar frå heile landet og alle sektorar og også vera open på kveldstid og i helgane.
Utvalet skal levera heile innstillinga si i april. (©NPK)

Publisert: 15.10.2015 13:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50