(NPK): I den nye sjømatmeldinga vil fiskeriministeren fjerne bearbeidingsplikta, regionalisere leveringsplikta og på sikt avvikle aktivitetsplikta for sjømatnæringa.
– Både organisasjonane til industrien og fiskeflåten er klare på at systemet i dag ikkje fungerer. Skal vi auke lønsemda i sjømatindustrien er det riktig å leggje om ordningar som ikkje verkar etter formålet, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker i ei pressemelding.
Regjeringa foreslår å opprette ein kommisjon som skal undersøkje kostnader og verdiar knytt til aktivitetsplikta, og leggje til rette for ein dialog mellom dei partane det gjeld.
– Det er rimeleg at lokalsamfunna får noko til gjengjeld, viss aktivitetsplikta vert avvikla. Eg ønskjer å finne løysingar som gagnar både bedriftene og lokalsamfunna betre enn dagens system, seier Aspaker.
Bearbeidingsplikta har i praksis ført til at industrien kjøper mindre fisk fordi plikta påfører bedrifta tap når det er meir lønnsamt å selje torsk uforedla. Derfor vil fiskeriministeren ha denne plikta fjerna.
Når det gjeld leveringsplikta foreslår regjeringa ei regionalisering. I dag har dei fiskefartøya som har leveringsplikt, plikt til å tilby råstoff til spesifikke anlegg eller geografiske område. Regjeringa foreslår at plikta i staden skal gjelde innanfor fylket, slik at fiskeindustribedrifter i same fylke kan konkurrere om råstoffet på like vilkår. Det betyr for eksempel at ei plikt som i dag er knytt til Båtsfjord blir knytt til Finnmark. (©NPK)

Publisert: 13.11.2015 11:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50