NPK-NTB: Regjeringa set fart i arbeidet med å kutte i inkassogebyra og sender eit forslag på høyring med under to vekers svarfrist.
Regjeringa hadde sett i gang ein prosess for å redusere inkassogebyra allereie før koronakrisa.
– Denne problemstillinga kjem dessverre til å bli meir aktuell no. Stadig fleire får problem med å gjere opp for seg på grunn av koronasituasjonen, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H).
Regjeringa vil halvere gebyra ved utsending av purringar og inkassovarsel til 35 kroner.
Også salæra ved inndriving av småkrav blir halverte, ifølgje forslaget som regjeringa sende på høyring måndag. Regjeringa vil òg redusere gebyra for større inkassokrav, men ikkje så store prosentvise reduksjonar som for småkrav.
Fristen for å kome med innspel er allereie 18. april.
– Vi meiner at det hastar å gjere noko med gebyr og salær i inkassobransjen. Forslaget har derfor kort høyringsfrist, og vi ønskjer å innføre reduksjonane så raskt som mogleg, seier Mæland
Eit og -forskrift vart i byrjinga av mars sendt på høyring med frist i juni. Med denne prosessen vil det ta tid før ei ny inkassolov og inkassoforskrift kan tre i kraft, og Justis- og beredskapsdepartementet har derfor laga eit nytt forslag til reduserte gebyr og salær som kan kome raskare på plass.
Regjeringa meiner det ikkje er tvil om at gebyra er for høge i dag. Etter inkassolova skal den som skuldar pengar, erstatte dei «nødvendige» inndrivingskostnadene, men regjeringa meiner dei betaler meir enn det inndrivinga faktisk kostar. Særleg gjeld det småkrav, meiner departementet.
Det blir òg foreslått å kutte kostnadene ved tvangsfullbyrding og behandling i forliksrådet. Eit forslag frå Oslo byfutembete om å setje ein standardsats ved skriving av krav om tvangssal av bustad er teke med.
Det er òg teke med eit forslag om å halvere salæret for å skrive utleggskrav, som også arbeidsgruppa som laga det opphavlege høyringsforslaget til ny inkassolov, gjekk inn for.

Publisert: 06.04.2020 16:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28