(NPK-NTB): Ni av ti bønder meiner samvirka må halde fram som marknadsregulatorar viss landbruk i heile landet skal haldast ved lag.
Talet kjem frå ei undersøking Sentio har utført for , og ordlyden i spørsmålet som vart stilt til 1.000 bønder over 18 år var: «Er rolla til samvirka som marknadsregulator nødvendig for å halde oppe landbruk i heile landet?»
Undersøkinga kjem på eit tidspunkt der regjeringa ønskjer å gjere marknadsreguleringa meir uavhengig av dei bondeeigde samvirka.
– For oss i distrikta, med små leveransar, er ordninga viktig. Mottaksplikta gjer at prisene er føreseielege, både for oss og for forbrukarane, seier Svein Reiersen, som er ein av dei som svarte ja i undersøkinga.
Sjølv om det jamt over er stor oppslutning om samvirka, er den noko større blant dei som driv større bruk enn blant dei som driv i mindre skala.
Nestleiar Brita Skallerud i Bondelaget seier undersøkinga viser at bøndene er opptatt av å ha tilgang til marknaden.
Det kjem ikkje fram av artikkelen om det vart stilt spørsmål om alternative mekanismar for å regulere marknaden for landbruksprodukt. (©NPK)

Publisert: 24.11.2015 08:56
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50