Kort fortalt

Vil ha slutt på høge helsetoppløner

Senterpartiet yppar til strid om helseføretaka.

22.09.2021

Det er duka for raudgrøn dragkamp om helseføretaksmodellen, varslar Senterpartiets helsepolitiske talsperson Kjersti Toppe.

Kjersti Toppe, som sjølv er lege, reagerer sterkt på tala Klassekampen la fram tysdag som viste at 198 helsetoppar i Noreg tener meir enn helseministeren.

– Dette ville aldri skjedd på denne måten om ikkje sjukehusa vart styrt etter ein føretaksmodell, seier Toppe til Klassekampen onsdag.

Ho varslar at organiseringa av helsevesenet blir ei viktig sak for Sp i sonderingane med SV og Ap om regjeringssamarbeid på Hurdal. Toppe understrekar at ei ny styringsform for sjukehusa er det viktigaste for partiet. I tillegg vil Sp redusere lønnsutviklinga i staten elles.

Medan Ap slår ring om føretaksmodellen, er Sp og SV imot. Toppe seier føretaka ikkje lyttar til politiske signal om at lønnsutviklinga i leiarsjiktet må bremsast.

– Sjølv om ein kjem med fagre ord og innstrammingar, lever dette sitt eige liv. Vi har ikkje sett nokon endringar, trass i politiske signal, seier ho.

Arbeidarpartiet fekk vedteke helseføretaksmodellen med støtte frå Høgre og Frp i 2001

Publisert: 22.09.2021 08:08

Sist oppdatert: 22.09.2021 08:09