Kort fortalt

Vil ha statleg hjelp for stopp på Raumabanen

Ber om kompensasjonsordning.

Marius Rosbach
12.03.2025

Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal ber Staten innføre ein kompensasjonsordning for plutselege og uføresette brot på jernbanestrekningar. 

– Dette for å bidra til at godstransportøren på Raumabanen, OnRail, ser det som interessant å halde fram med godstog frå Åndalsnes, heiter det i vedtaket frå eit samrøystes utval onsdag. 

Godstrafikken blei først råka av  brukollapsen på Ringebu i 2023 før det igjen blei stopp i godstransporten som følgje av brukollapsen på Otta i januar 2025, blir det påpeika i meldinga frå fylkeskommunen. 

Publisert: 12.03.2025 21:20

Sist oppdatert: 12.03.2025 21:20

Mer om