Onrail åndalsnes truck lossing foto leif j olestad 11
FULL STOPP: For augneblinken er det full stans for godstrafikken på Raumabanen som følgje av brukollapsen i Gudbrandsdalen. Foto: Leif J. Olestad
Nytt

Fryktar godstrafikken på Raumabanen forsvinn

Brukollaps etter ekstremvêr bremsar næringslivet. Kan ta lang tid før situasjonen er løyst.

Marius Rosbach
10.10.2023

Etter at Randklev bru ved Ringebu kollapsa under ekstremvêret Hans, har det ført til full stans for godstrafikken på Raumabanen.

Difor hastar det å bygge ei midlertidig jernbanebru over Gudbrandsdalslågen i Ringebu, ifølgje ei uttale frå Samarbeidsforum for samferdsel Trøndelag og Møre og Romsdal.

Fryktar godstrafikken står i fare
Om situasjonen dreg ut i tid fryktar dei at marknaden for godstransport på Raumabanen kan forsvinne for godt.

Fylkesordførar Line Hatmosø Hoem i Møre og Romsdal meiner situasjonen er alvorleg både for trafikksikkerheit, klima og miljø.

- Årleg har godstogtransporten på Raumabanen erstatta 10.000 lastebilvogntog gjennom Romsdalen og Gudbrandsdalen. Godstransporten på Raumabanen står i fare for å forsvinne heilt om det ikkje snarleg blir bygd ei jernbanebru over Lågen, seier ho i ei uttale.

Ho er uroa for at det vil verte vanskeleg å få trafikken bort frå landevegen att når Dovrebana igjen er operativ.

E136 romsdalen montasje skjermdump samferdselsløftet NHO 11
DÅRLEG VEGSTREKNING: E136 gjennom Romsdalen har dårleg standard og fleire flaskehalsar. No får vegen ekstra mykje tungtrafikk som følgje av stansen i godstrafikk på Raumabanen. Skjermfoto: Samferdselsløftet NHO

– Må køyre alt på bil
Etter nokre år utan tilbod om godstrafikk på jernbanestrekninga mellom Åndalsnes og Dombås, starta selskapet Onrail opp drift med frakt av gods i 2020.

Transportkonsernet Freja i Ålesund har vore mellom dei store brukarane med fire til seks vogntog dagleg som har gått via jernbanen frå Åndalsnes.

– No er situasjonen at vi må køyre alt på bil og det er ikkje noko vi ønsker, fortel avdelingssjef Stein Arve Waagan til NETT NO.

Trur ikkje situasjonen er løyst før om eitt år

Etter signala han har fått frå Bane Nor, anslår han at situasjonen vil vare ved i nærare eitt år.

Han fortel at det har vore kraftig etterspurnad i marknaden etter plass på lastebilar, men at dei klarar å få fram varene i tide.

– Men no har vi ikkje jernbanen som ein ventil når vi kjem til høgsesongen fram mot jul. Det vil skape utfordringar, legg Waagan til.

Vil ha kompensasjonsordning
Fylkesordførarane i Trøndelag og Møre og Romsdal meiner det snarast bør innførast ei kompensasjonsordning for togselskapa som no ikkje kan køyre godstrafikk, slik at dei kan starte transporten så snart brua er på plass.

I tillegg vil dei at det raskast mogleg blir bygd ei midlertidig bru og Gudbrandsdalslågen og friske pengar til ei permanent løysing, ifølgje uttalen.

Publisert: 10.10.2023 09:36

Sist oppdatert: 10.10.2023 09:53

Mer om