NPK: Ingeniørane sin organisasjon Nito meiner usikker oljeøkonomi gir behov for fleire eksportbein. No ønskjer dei ein fortgang i arbeidet med å utvikle ny og berekraftig industri.
– Norge har teknologien, vi har kunnskapen, tradisjonen og kompetansen som skal til for å utvikle eit grønt skifte, seier Nito-president Trond Markussen til
I tillegg til Nito er Manifest Tankesmie, Aker Solutions, Kværner og Fremtiden i våre hender med på prosjektet.
Mange ingeniørar fryktar no stupande og ustabile oljeprisar:
– Dagens situasjon, med låge og ustabile oljeprisar, viser behovet for å få fleire og stødige eksportbein å stå på. Berre innanfor petroleumsrelaterte og kraftkrevjande industri har Nito minst 10.000 medlemmer, seier Markussen.
Nito var allereie i gang med eit vegkart for berekraftig industri, då tankesmia Manifest tok kontakt. Det langsikte målet for prosjektet er å lage ein overordna strategi for norsk industriutvikling gjennom det grøne skiftet.
– Prosjektet kan vere med å vise studentar og unge yrkesaktive kva som kan bidra til å løyse klimautfordringa, samstundes som vi skaper fleire grøne arbeidsplassar, seier Markussen i Nito.

Publisert: 14.04.2020 14:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28