Kort fortalt

Vil ha tryggare arbeidskvardag

Skal gjere det tryggare å jobbe i havbruksnæringa.

08.01.2016
(NPK): Eit nytt doktorgradsprosjekt har som mål å gjere arbeidskvardagen tryggare for tilsette i havbruksnæringa.
Prosjektet skjer i regi av Sintef Fiskeri og Havbruk og Exposed, eit senter for forskingsdriven innovasjon innan fiskeoppdrett. Seniorforskar og doktorgradsstipendiat ved NTNU Ingunn Marie Holmen skal studere HMS og korleis ein kan avgrense risikoen for ulukker og skadar for tilsette i havbruksnæringa, fortel Sintef på eigen .
– Havbruksnæringa veks og det er behov for å systematisere kunnskapen og kome fram til ein beste praksis når det gjeld tryggingsstyring. Dette blir stadig viktigare ettersom merdar og dermed og arbeidsplassar etter kvart flyttar seg lenger frå land, noko som gjer lokalitetane meir eksponert og byr på nye utfordringar.
- Mannskap og utstyr blir i større grad prisgitt naturkreftene og må handtere meir ekstreme vêrforhold, seier forskaren. (©NPK)

Publisert: 08.01.2016 11:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49