Kort fortalt

Vil ikkje ha krav til spenningsstyrke

Grensekrav til spenning i straumnettet for dyrt.

09.12.2015
(NPK): Det kostar meir enn det smakar å innføre absolutte krav til spenningsstyrke eller oppgradere straumnettet i Noreg, meiner konsulentselskapet Sweco i ein ny rapport dei har laga for Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Bakgrunnen er dei aukande problema med elektriske apparat som bukkar under når straumkontakten ikkje gir den rette spenninga. Ujamn spenning kan øydeleggje mellom anna utstyr som fjernsynsapparat, stereoanlegg, kjøleskap og datautstyr.
NVE ønskjer no mellom anna å få avklart korleis dei skal stille seg til klager frå kundar som opplever slike forstyrringar. Sweco har for det eine vurdert om det kan vere aktuelt å etablere faste grenseverdiar for kortslutningsstraumen til kundane, men òg om det kan vere bryet verdt å oppgradere straumnettet frå 230 V til 400 V.
Sweco meiner det er ikkje føremålstenleg å innføre ei bindande grense for kortslutningsstraum i distribusjonsnettet. Dei foreslår i staden å auke prisdifferansen etter storleiken på sikringskretsane og tilrår òg at det blir lagt til rette for overgang frå 230 V til 400 V, men utan å gjere det til eit bindande krav.

Publisert: 09.12.2015 12:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49